Midt i blinken!

Bading.

& &

Vinnesholmen

I Fusa kan du bada kvar du vil, til kva tid du vil – og kor lengje du vil! Har du båt vil du finna særs mange idyllar.

 

Plassane nedanfor er offentlege friområde og badeplassar. Det er Bergen og Omland Friluftsråd som driftar desse områda:

 

Hagafjøra (i Eikelandsosen)

God parkering. Tilrettelagt for funksjonshemma med rampe i sjø og til toalett. Hagafjæra ligg med lett tilkomst frå riksvegen.

 

Skjelavikjo (i Strandvik)

Badeplass med badefjøre, stupebrett, svaberg, grasmark, toalett, bord og benker. Parkeringsplass i bakkant av området med gangveg ned til badevika.

 

Peraneset (på Fusa)

Ei lita badevik med strandfjøre og flotte svaberg. Gangveg inn til området. Toalett, stupebrett, bord og benk, bålplass og redningsbøye.

 

Vinnesholmen (på Vinnes)

Har ei lun badefjøre mot Vinnessundet. Fine svaberg. Parkering på landsida. Toalett. Badeplass og stort friareal.

 

Tretteskjeret (i Lygrepollen)

Ein idyll du bør ha båt for å koma til. Gode ankeringstilhøve.

 

Her er kart over plassane:

Translate »