I dette fine tunet på Eide i Hålandsdalen kan du ta steget inn i vår nære fortid og sjå korleis folk budde og levde på ein vestlandsgard på 1800-1900-talet.
Garden Eide ligg på eidet mellom Skogseidvatnet og Gjønavatnet. Han har vore delt i to bruk sidan 1600-talet. For å spara på den viktigaste ressursen, jorda, vart husa til dei to gardbrukarane bygde tett saman i eit klyngjetun. I år 1900 budde det 23 personar i tunet.
I 1996 opna Margun og Knut Henrik Eide tunet for gjester etter å ha sett i stand dei gamle bygningane. Rikhaldig innbu og stor gjenstandssamling. Omvising og servering for grupper.
Kontaktinformasjon:
Margun Eide – tlf. 997 16 861