Midt i blinken!

Eikhaugen Gjestegard.

& & &

Eikhaugen Gjestegard 2

Eikhaugen Gjestegard er ei lett tilgjengeleg lita perle ved Bjørnefjorden. Dei vakre omgjevnadene, rustikke selskapslokale, ein spennande og utfordrande meny, komfortabel overnatting og skreddarsydde aktivitetar utgjer den beste ramme for ditt arrangement.

 

Gardsrestauranten ligg i den originale grindeløa på garden. Meir enn hundre år gamle steinmurar og grove tømmerkonstruksjonar utgjer eit fantastisk selskapslokale med ein heilt unik atmosfære. Vårt profesjonelle kjøkken tilbyr mellom anna spennande menyar og inspirerande mat- og vinkurs.

 

Eikhaugen Gjestegard har også gardsbutikk. Her er sal av gardens eigne produkt samt eit eksklusivt utval frå nokre av produsentane som ein finn igjen på spisekartet i gardsrestauranten.

 

Deira høgkomforts gjestehytter ligg like i sjøkanten med storslegen panorama utover vakre Bjørnefjorden. Enten du lyttar til bølgeskvulp i ein fluktstol på terrassen eller nyt knitrande peiseld under eit ullpledd i stova tør me lova ei befriande kjensle av ro og stille.

 

For direkte booking eller spørsmål knytt til catering: e-post: restaurant@eikhaugen.no eller ring Siv på tlf.: 56 58 25 60 eller mob.: 97 00 94 03.

 

www.eikhaugen.no

 

Translate »