Midt i blinken!

Engevik Gaard.

& & &

Engevik GaardOffisersgarden Engevik Gaard frå 1700-talet ligg vakkert plassert ved Sævareidfjorden. Her kan du få eit glimt inn i vestnorsk embetsmannsliv i farne tider.

 

Major Christian Wilhelm Segelcke kjøpte garden og tilliggjande jordegods av Kong Fredrik 4. på 1720-talet. I over 100 år fungerte Engevik som embetsgard og militær sjefsgard for Søndre Bergenhus infanteriregiment.

 

Gardsanlegget omfattar ni bygningar med hovudbygningen frå 1770 i karakteristisk bergensklassisisme med halvvalma tak, som naturleg midtpunkt.

 

Eigar i åttande generasjon, Lars Johan Ditmarsen, og kona Anne har restaurert det gamle tunet og tek imot grupper for omvising og servering. Gjennom ei vandring rundt på Engevik Gaard kan ein få eit innblikk i tidlegare tiders gardshushald og livet på ein embetsmannsgard.

 

Kontaktinformasjon og meir informasjon finn ein på nettstaden til Engevik Gaard.

 

Translate »