Handelslaget ligg idyllisk til ved sjøen i den fagre vestlandsbygda Strandvik, med flott utsikt over Bjørnefjorden og Kvinnheradfjella. Handelslaget har vore butikk frå ca. 1920 til 1998, og vart i 2002 restaurert og oppussa til ein lys og triveleg restaurant.
I kaféen serverer me lette lunsjrettar, kaker og fleire typar kvalitetskaffi.
I restauranten er menyen basert på sesongens ferske og gode råvarer. Me legg vekt på at det me serverer skal vere heimelaga og av høg kvalitet.
Addresse:
Strandvik Nye Handelslag
5643 Strandvik
Telefon:
56 58 17 00
For opningstider sjå www.handelslaget.com