Midt i blinken!

Holdhus kyrkje.

& &

Holdhus kyrkje

Holdhus kyrkje er ei av dei mest interessante etter-reformatoriske kyrkjene på Vestlandet.

14. juli – 2. august er kyrkja open tysdag – sundag mellom kl. 11:00 og kl. 17:00.

 

1306

 

Holdhus gamle kyrkje vart ombygd frå stavkyrkje til tømra hallkyrkje truleg i 1726. I tårnet og i somme av stolane finst materialar frå stavkyrkja, som har stått på same staden. Stavkyrkja er første gong omtala i ei inventarliste frå 1306, men kyrkja kan vera eldre. Den noverande, einskipa kyrkja er reist av lafta tømmer, med tårn over vestgavlen og eit lite våpenhus i stav framføre vestinngangen.

 

Eigd av Fortidsminneforeningen

 

HolshudmadonnaHoldhus kyrkje vart nedlagd som soknekyrkje i 1890, då nyekyrkja i Hålandsdalen stod ferdig på Eide. Gamlekyrkja vart kjøpt av bonde Hans H. Holdhus i 1893, og seld vidare til Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring (Fortidsminneforeningen) i 1900. Dei eig framleis kyrkja. Restaurert 1905-06.

Retusjert Holdhusmadonna framanfrå

 

Unik madonna

 

I Holdhus kyrkje kan du sjå ein unik steinskulptur med ei gåtefull historie. Mariafiguren på Holdhus er den einaste målte madonnaskulpturen i stein frå mellomalderen i Noreg. Skulpturen er frå 1400-talet. Det er uvisst når og korleis madonnafiguren kom til Holdhus kyrkje. Holdhus-madonnaen har nyleg vore til konservering og «oppussing» hjå NIKU – Norsk institutt for kulturminneforsking.

 

Holdhus kyrkje i snø

Translate »