Midt i blinken!

Ottanosa.

& &

Ottanosa 2

Ein krevjande topptur opp til 976 moh der du får betalt med ei fantastisk utsikt. Turen er lett i starten, men det er relativt bratt frå Bjørndalsstølen og opp. Turen tek omlag 2,5 time. Frå Ottanosa er det ein fin rundtur å gå over Kjerringafjell og ned att til Bygdastølen. På vegen kan du sjå minnetavlene etter flysleppa i 1944-45.

 

Parkering: Bomveg med avgift til p-plass på Heihiller. Frå parkeringa på Heihiller det også fint å gå på traseen til skiløypa – 3 til 4 km rundtur. Eller du kan gå til Heihillerhornet, Holdhusstølen eller til Botnavatnet.

 

Translate »