Midt i blinken!

Postvegen.

& & &

PostvegenDet kom i gang postføring gjennom Fusa i 1786 som del av postvegen mellom Bergen og Stavanger. Ved kvart postskifte langs ruta låg ein postgard. I Fusa-bygda var dette garden Øpstad. Til Øpstad vart posten rodd over fjorden frå Hatvik. Frå Øpstad vart han ført vidare over den gamle postvegen til Strandvik og postbonden i Vik (lille).

 

Det vart slutt på postføringa i 1861. Vegen var statleg hovudveg i denne perioden. 1861-1901 var dette den kommunale vegen mellom Fusa og Strandvik. Han vart nedlagd i 1901, då nyetraseen gjennom Vinnes opna. Den siste postbonden av det gamle slaget på Øpstad var Lasse S. Øpstad (1830-1903). Postopneriet i Fusa-bygda vart liggjande på Øpstad heilt til 1984.

 

Frå Strandvik gjekk posten med båt over fjorden til Sundfjord i Lygrepollen og vidare over land til Husa (Roaldstveit) i Ølve. Denne delen av ruta er framleis køyreveg.

 

Fottur på den gamle postvegen frå Fusa til Strandvik er ein lett tur på om lag 1,5 time. Parkering ved Rv 552 på Fusa, eller i Strandvik sentrum. Frå Fusa følgjer ein vegen opp til øvste garden på Øpstad. Fast og god skogsveg vidare, følgjer stort sett den gamle postvegen. Postkasse med loggbok i stikryss på Ludden. Ned mot Strandvik kryssar stien ein skytebane. Evt. aktivitet er varsla med flagg.

 

 

Postgarden på Opstad

 

 

Translate »