Midt i blinken!

Skulemuseet på Holdhus.

& & &

Skulemuseet på HoldhusLike ved Holdhus kyrkje ligg ei lita kvitmåla skulestove. Her heldt skulen på Holdhus til frå 1875 til 1956. Det vesle skulehuset har eitt skulerom, lærarkammer, gang og utedo. Det vart brukt som skulehus fram til 1956, då nyeskulen på Holdhus stod ferdig. 1957-1963 vart det nytta til kommunehus i Hålandsdal herad.

 

Skulemuseet inneheld i dag ei interessant samling av læremidla som fanst i «den gamle skulen». I gangen står skulebarna sitt vanlegaste fottøy, treskoa, oppstilte på rekkje og rad.

 

Skulemuseet og Holdhus kyrkje har felles guideordning og felles opningstider om sommaren. Trykk her for meir info kring dette.

 

17. maitog ved Holdhus skule (1940)

Translate »