Midt i blinken!

Vindenes Teglverk.

& &

Vindenes TeglverkVed Selsneset på Vinnes kan ein sjå restane etter eit lite industrieventyr for hundre år sidan: Vindenes Teglverk.

 

Vindenes Teglverk på Selsneset vart sett i gang i 1876 av engelskmannen John Vickers Scarborough. Råstoffet var bakkeleira på staden. To tjødner i området syner kvar dei tok ut leira. Dei laga murstein og takpanner. Teglverket vart nedlagt tidleg på 1920-talet, då det vart slutt på råstoffet. Bygningane vart selde og flytta, og den store ringomnspipa vart fjerna i 1928. Utskipingskaien står att, restaurert. Ei kulturstitavle syner foto frå drifta. Ein kan òg framleis finna raudbrende restar av teglstein i området. Fleire bygningar på Vinnes har takstein frå teglverket.

 

Les meir om Teglverket, og ikkje minst kulturstien på Vinnes her.

 

Utskipingskaien ved Vindenes Teglverk

Translate »