Midt i blinken!

Husmannsplassen Vinnesholmen.

& & &

Vinnesholmen (Av Ingvar Nistad)Den tidlegare husmannsplassen Vinnesholmen er i dag offentleg friområde og ein riktig sommaridyll, som innbyr til både bading og rekreasjon. Frå ca. 1800 til 1930 var Vinnesholmen husmannsplass under dei seks hovudbruka på garden Vinnes. I 1866 fødde plassen tre kyr og åtte sauer. Dei siste husmennene var Lars og Engelina Vindenes, som festa plassen i 1892. Dei fekk kjøpa han i 1930 og skilja han ut som eige bruk, Solholm. Dottera Elisa (Liso) og mannen Bård Foss testamenterte eigedomen til Fusa Sjuke- og aldersheim.

 

Då Liso døydde i 1983, overtok Fusa kommune Vinnesholmen. I 1991 vart Stiftinga Vinnesholmen oppretta. Stiftinga har restaurert og driv Vinnesholmen som utleigebustad for feriegjester etter filosofien «Vern gjennom bruk».

 

Vinnesholmen er i dag tilgjengeleg via moloen ved Vinnes båthamn.

 

Meir informasjon om Vinnesholmen finst på heimesidene til Vinnes Båtlag. Husmannsplassen er også ein del av kulturstien på Vinnes, les meir og sjå kart over løypa her.

 

Translate »