Midt i blinken!

Vinnesleira.

&

Vinnesleira 2

Vinnesleira er eit freda naturreservat. Eit produktivt gruntvassområde av stor verdi for trekkande vadefugl, derfor er plante- fugle- og dyreliv er freda. Området er blant anna trekk- og beiteområde for vassfugl, og rasteplass for vadefugl under hausttrekket. Det er i alt registrert 21 vadefuglartar her, dei flest på trekk. Det er ikkje lov å gå inn i området, men det er god innsikt frå fleire kantar. Det gjer området veleigna for fuglekikkarar.

 

Her finn ein også ein flott tursti som går utanom naturreservatet. Turstien går dels i skog, dels langs kysten og med utsikt til Vinnesleira. Det er ein lett tur som tek omlag halvannan time. Ein finn ein god parkeringsplass ved Fv 122.

 

Translate »